Boka er den første i ein serie krim-mysterier for barn. Mesterdetektiven Purriot sit ved frukostbordet saman med kona si, Paprika, da mobilen ringjer. Ei gammal dame, Bestemor Blom, treng hjelp til å løyse eit mysterium. Bestemor Blom bur på Hurlumheia, og Purriot og Paprika drar dit. Det viser seg at både Bestemor Blom og ein liten gut, Per Sille, har vorte utsette for overfall, og det finst ikkje spor etter gjerningsmannen.
Helten Purriot er ei blanding av ein kjent belgisk detektiv og ein purre, ein nærmast uslåeleg kombinasjon. Han må bruke all si kløkt og sine grå celler for å løyse mysteriet. I tillegg må han hanskast med politiinspektør Gurk, ikkje den aller smartaste politimannen i landet, men med eit stort ego.
Bjørn Rørvik har skrive teksten, og Ragnar Aalbu står for illustrasjonane.