Inghill er ei hestegal jente som ønskjer seg ein hest meir enn alt i heile verda. Ho tenkjer på hest, ho snakkar om hest, og ho har laga falsk facebook-profil om ein hest ho ikkje har. Etter kvart får ho også det høgste ønsket oppfylt. Men ponnyen Carla er litt gal, og Inghill klarer ikkje heilt å styre henne. Og ein dag skjer det eit uhell som gjer at Inghill fell av hesten og brekker armen. Da blir det snakk om å selja Carla.
Carla, min Carla er historia om Inghill, om korleis det er å vera ei hestegal jente, om vennskap og mobbing og om å ta ansvar for seg sjølv og dei ein er glad i.
”Jeg har alltid visst at jeg skulle skrive om Carla, den første hesten min”, skriv forfattaren sjølv i eit blogginnlegg.