Pym Pettersons mislykka familie

Pym 11 år, har ein familie som verken er spennande eller morsom. Den er rett og slett bare ganske mislykka! Så får heile klasse til Pym i oppgåve å skrive kvar si familiehistorie som skal framførast for klassa og hengjast på veggen. det skal vera ei ekte og heilt sann historie, som gjerne kan vera morosam eller spennande.

Kva skal Pym gjera da, ho som kjem frå ein «totalt mislykka» familie? Jo, ho diktar i veg, men blir avslørt. Til slutt innser ho at nettopp alt det pinlege i familien er ei framifrå kjelde til gode historier. 

Pym har to eldre søsken, tvillingane Sanna og Sigmund, som alltid kranglar. Mamma er av det travle slaget med kronisk dårleg samvit. Pappa er overdrive pedagogisk innstilt og positiv til det meste.

Dette er første boka i ein ny humorserie om antiheltinna Pym Petterson og hennar mislykka liv.