Dette er den tredje og siste boka om Svarte-Mathilda, og Elisabeth. Denne gongen går heile handlinga føre seg i den italienske byen Venezia. Elisabeth og Gry reiser dit for å forsøke å finne ut kva som hendte med Viggo, og for å spore opp Svarte-Mathilda. Denne gongen jakter dei på henne, men det er ikkje klar over kor vond ho eigentleg er.

Også i denne boka følgjer vi ein parallell historie, ikkje i Hardanger som i dei to føregåande bøkene. Denne gongen får vi vite meir om kvar spegelen eigentleg stammar frå, og kva som skjuler seg der inne. Handinga går føre seg i Venezia på byrjinga av 1500-talet og hovudpersonane er spegelmakarane Dario og Giovanni Gallo. Saman med gode hjelparar må dei to Gallo-brørne spore opp ein barnemordar som går laus i gatene, og det er då kjem over ein vondskap dei aldri har sett maken til.

Den tredje boka i serien er nok det mest grufulle av dei alle. Ei intens spenningshistorie der det går på nervene laus både for hovudpersonar og forhåpentlegvis også lesaren.

(frå presentasjonen på heimesida til Tor Arve)