Kva skjer når foreldra kapitulerer og lèt borna ta over det daglege ansvaret for hus, heim og kredittkort?

Milla er 9 år og no er ho lei. Lei av at mamma bestemmer når ho må kome heim frå leikeplassen, at ho må ete fiskekaker til middag sjølv om ho ikkje liker fisk, berre får snop på laurdagar og må legge seg sjølv om ho ikkje er trøytt.

Å vere vaksen må vere kjempelett, tenker Milla. Men mamma slit sjukt med det. Kor vanskeleg kan det eigentleg vere?

Viss Milla var vaksen kunne dei ete godteri heile tida, berre leike og sjå på Netflix. Ho og veslebroren Magnus ville aldri ha krangla og alle ville hatt det kjempebra.

« – Ok, da har jeg et forslag, sier mamma.

– Når kan du og Magnus få være voksne, og så kan pappa og jeg være barn. Kanskje det ikke er så gøy som dere tror.

– Hvordan voksen da? spør Milla.

– Nei, dere må gjøre som voksne gjør. Handle, lage mat, passe på at alle er i seng, og at alle kommer seg på jobb og skole om morgenen. Det er ingen lett jobb!»

Mamma og pappa blir einige om at Milla og Magnus skal vere dei vaksne i ei heile veke. Milla får bankkortet til mamma, og koden. Dette skal bli kjempegøy!

Milla bestemmer tek konseptet frå tv-programmet Teenage Boss endå eit hakk lenger – og ser kva som skjer viss ein niåring får bestemme over familielogistikken og innkjøpa.

Når tenåringane får bestemme resulterer det ofte i pizza og pølser i ein heil månad, og ei sjukt dyr boblejakke til sjefen sjølv. Men kva skjer når sjefen er ein niåring som helst berre vil ete godteri og leike?

Og er det eigentleg så gøy å vere den vaksne når det kjem til stykket? Når mamma nektar å bli med heim frå jobben og pappa heile tida stikk av med den store iPaden? Når pappa ikkje gidd å pusse tennene om morgonen og mamma trugar med å tisse på seg i matbutikken viss ho ikkje får Salmalaks?

 Tiril Valeur har ein fin strek som vil appellere til målgruppa, med friske fargar og uttrykksfulle karakterar. Milla er søt med store auge og gult hår, ho bles store, rosa tyggegummibobler og har litt for store fortenner med eit lite glis mellom. Og mamma og pappa er morosamt teikna, der dei sutrar og hyler for å få det som dei vil.

Selma Lønning Aarø har gitt ut fleire bøker både for born og vaksne, samt tilrettelagde bøker for folk med lesevanskar.

Av Aina Basso

Selma Lønning Aarø

Milla bestemmer

Illustrert av Tiril Valeur

Cappelen Damm 2016

Barnebok 

61 sider