Denne boka passar for barn som likar humoristiske og akkurat passe crazy historier!

 

Tittel: Stupe-Stig

 Forfattar og illustratør: Anna R. Folkestad

 Forlag: Samlaget, 2018

 Sidetal: 37

 Sjanger: Lesestart med crazy humor.

 

Kort om handlinga:

Knut vil fly med drake! Men onkel Stig vil vere med i ein stupekonkurranse. For då kan han vinne pokal. Men stupinga går ikkje heilt som planlagt.

Tekstutdrag:

– Sjå! Ein stupekonkurranse!

– Men eg vil flyge med drake, seier Knut.

– Vi dreg heller og vinn stupepokal!

–Kan du stupe, då? Spør Knut.

– Stuping er dritlett! Kall meg berre Stupe-Stig.

Tre subjektive superlativ: Ellevill, morosam og sprelsk.

Anna R. Folkestad (født 1983) er forfattar og illustratør og har mellom anna skrive dei populære bøkene om Unni og Gunni og Leseland-bøkene om Besta og Bo. I 2012 fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris for Unni og Gunni reiser.

 Lenke til boka på forlaget si heimeside:  Samlaget