Denne boka passar for barn som likar å drøyme og fantasere. 

 

Tittel: Der ingen finn oss

 Forfattar: Mathias Nyhagen Asplund

 Forlag: Cappelen Damm, 2018

Sidetal: 128

 Sjanger: Barneroman

 

Kort om handlinga: 

Bli med på ei reise inn i fantasien – til ein stad der ingen finn oss!
Han er sjuk, så sjuk at han ikkje går på skulen. Ho trivst ikkje på skulen, dei andre er ikkje greie mot henne. Dei to møtest mellom blokkene, og han tar henne med inn i eventyr dei skapar sjølv. Dei finn eit røvarslott, dei vert fanga i underverda, dei rømmer frå pesten. Men dei klarar seg! I alle fall i fantasien …

 Tekstutdrag:

«Det er så keisamt i denne blokka», seier ho. «Eg vil dra vekk.»
«Kor?»
Jenta tenkjer. «Eg veit ikkje, bort i alle fall», seier ho.
«Eg òg», seier han. «Eg vil også bort.»
Dei ser på kvarandre. Han får ein morosam tanke. Kanskje kan han ta ho med? Kanskje kan han og ho leike saman, finne på noko? Reise vekk?
Han seier: «Eg veit ein plass me kan dra.»
Jenta nikkar, klar. Men han rører seg ikkje frå benken. Han sit framleis heilt stille. Ho ser på han.
«Skal me dra?» seier ho høgt. Utolmodig.
«Det er eit stort hus», seier han og ventar litt. «Nei, større enn det du ser for deg. Og mektigare. Det er som eit slott», seier han. «Som ei diger borg. Ser du det?»
Ho ser på han. Han kjenner hjartet banke litt i brystet, redd for at ho ikkje skal forstå og synast han er dum. Men han kan sjå at ho utan å prøve ser borga inni hovudet sitt. Og medan han fortel, byrjar slottet vekse. Han ser at ho ser det, og han fortel. Han skal gjere det spennande.

 

Tre subjektive superlativ: Leiken, fantasifull og nyskapande.

Mathias Nyhagen Asplund (f. 1988) bur for tida i London, der han skriv, går på audition og spelar i ulike teateroppsettingar.

 Lenke til boka på forlaget si heimeside: Cappelen Damm