NBUtipset.no har fokus på serielitteratur i august 2018 . Det blir intervju med i alt fire forfattarar som har både brei og lang erfaring med å skriva bøker i serieformatet. Asbjørn Rydland er første forfattar ut:

Foto: Tove K. Breistein

Namn: Asbjørn Rydland

Født: 27. februar 1976, Stord

Alder for forfattardebut: 34

Årets bok: Draumsende, andre bok i Vegandi-serien, kjem ut i haust

 

Fem kjappe:

 

Møtet med ein lesar/tilbakemeldinga eg aldri gløymer …Eg trur det må vera då ein lesar sendte meg ei melding heilt ut av det blå og var hoppande glad for at ho hadde oppdaga at ein av bipersonane i Drakeguten-serien var homofil. Det er ikkje uttalt nokon plass, men for den som ser etter – eller kjenner seg igjen i situasjonen sjølv – er det veldig tydeleg. Eg liker å leggja inn sånne subtile ting i bøkene, og blir veldig glad når eg ser at det fungerer.

Nett no les eg …The Country of Ice Cream Star, av Sandra Newman. Postapokalyptisk historie der til og med språket til karakterane (og forteljaren) er forma av restane av dagens ord og uttrykk.

Boka som forandra livet mitt …Altered Carbon, av Richard Morgan. Morgan skriv ei blanding av film noir og cyberpunk som verkeleg sparka liv i ein gammal draum og fekk meg til å tenkja ‘dette har eg òg lyst til å gjera’. Og så begynte eg å skriva for alvor.

Den boka eg ønskjer det var eg som hadde skrive …Bibelen, for då kunne eg retta på alle som ikkje forstår poenget.

Boka eg gjerne gir i gåve …Håvamål har vore fast innslag på gåvebordet i fleire konfirmasjonar. Historie og tankevekkjande livsvisdom i skjønn foreining.

 

Du starta heile forfattarskapen din med å setja i gong med å skriva serien Drakeguten, fem tjukke bøker. Korleis fekk du mot til eit så ambisiøst prosjekt?

Eg tenkte vel meir på det som ein sjanse enn ei utfordring, trur eg. Eg kan iallfall ikkje hugsa at ambisjonsnivået var noko eg tenkte mykje på. Dette var jo det aller første bokprosjektet mitt som skulle ut i verda, og eg var framleis sjeleglad for at forlaget ville gi ut historiene mine, så eg var vel litt høg på den kjensla.

Hadde du ein plan for alle fem bøkene idet du sette i gong med prosjektet?

Nei, ikkje i starten. Det heile begynte med ei enkelt bok. Då eg først gjorde avtalen med forlaget, handla det berre om den første boka, Drakeguten. Men eg visste jo at hovudpersonen kom til å ha eit liv etter at den historia var ferdig, og gjorde meg ein del tankar om korleis det livet ville arta seg. Då redaktøren min halvvegs i skrivinga spurde meg om det kunne vera aktuelt å gjera dette til ein serie, brukte eg ikkje lang tid på å seia ja. Det einaste eg måtte tenkja litt på var kor mange bøker det kunne bli. Drakeguten-serienhandlar om mykje rart, men det aller viktigaste er korleis hovudpersonen Koll utviklar seg gjennom bøkene. Eg hadde allereie klart for meg kva for slags person eg ville at han skulle vera til slutt, og då måtte eg berre rekna meg litt bakover og finna ut kor mange utviklingssteg han måtte gjennom for å koma dit. Fem steg, fem bøker. I arbeidet med bøkene hadde eg tidleg klart for meg kva som var hovudkonflikten i kvar bok, korleis den konflikten skulle spelast ut (i grove trekk) og kva for utvikling eg ville at hovudpersonen skulle ha. Alt anna blei til medan eg skreiv.

 

Kor mykje bør ein ha planlagt før ein begynner å skriva første boka i ein serie?

Dette er det sikkert like mange svar på som det finst serieforfattarar, men for min del er hovudtrekka det viktige. Du må ha klart for deg kor lang historia skal bli, og kvifor. Alle gode historier har ein slutt, og viss du begynner å skriva utan å ha peiling på korleis slutten skal vera, kan du fort skriva deg vekk. Det handlar om å ha ei klar retning når du begynner å skriva. Å skriva ein bokserie er ei reise som tar fleire år, og då er det greitt å vita iallfall sånn cirka kor du er på veg.
Med den serien eg held på med no, jobbar eg annleis enn eg gjorde med Drakeguten. Frå starten hadde eg ein idé om korleis den store historia skulle spela seg ut, men visste ikkje kor ei bok skulle slutta og den neste begynna. Eg har berre eit mål eg jobbar mot, og ulike antagonistar med ulike planar dei skal setja ut i livet inntil alt når klimaks i bok fire eller noko sånt.

Kva var det som gjorde at det å skriva ein bokserie var eit naturlig val for deg?

Særleg innanfor fantasysjangeren trur eg det er lett å enda opp med ein serie. I tillegg til å fortelja ei historie, skal du trekkja lesaren inn og presentera hen for ei heilt ny verd eller eit heilt nytt samfunn i noko som liknar på vår eiga verd, men ikkje eigentleg er det. Det fører automatisk til ein del fleire sider i bøkene, men òg eit mangfald av idear ein ikkje har lyst til å berre leggja frå seg. Drakeguten går føre seg i ei verd eg og andre allereie hadde brukt mange år på å forma, så det var mykje å ta av. Og Vegandi-serien er eit samansurium av mytar, historie, konspirasjonsteori og vilt oppspinn, så det er ein del å ta av, der òg …

Etter at du var ferdig med serien om Drakeguten, byrja du på ein ny bokserie, Vegandi. Tenkte du nokon gong på å berre skriva ei enkeltbok, eller tenker du berre serie?

Eg har idear til enkeltbøker òg, altså. Men eg brukte faktisk litt tid på å vurdera kva eg skulle gi meg i kast med etter Drakeguten. Det er jo ikkje tvil om at det tar mykje tid å skriva ein serie, og har du først begynt på eit sånt prosjekt, låser du deg jo til det nokre år.

Kva er det som er så kjekt med å skriva seriar?

Det er fleire ting. For det første synest eg det er greitt å vita kva eg skal arbeida med ei stund framover, og ikkje konstant gå rundt og tenkja på kva neste prosjekt skal bli. Men når det kjem til sjølve skrivinga, liker eg å la karakterar utvikla seg gjennom lange historier. Ikkje minst får ein tid til å dukka djupare ned i intrikate plott og mysterier enn ein får med berre ei bok. Med mindre den boka er veldig tjukk, sjølvsagt.

Likar du å lesa seriar sjølv?

Absolutt, og det er mykje av dei same grunnane som eg liker å skriva dei: Å bli betre og betre kjent med karakterane og universet til forfattaren, og stadig få avdekkja nye lag i historiene.

Kva tilbakemeldingar får du frå lesarane dine?

Stort sett får eg høyra at bøkene er spennande, og at dei lurer på ting som eg ikkje har forklart. Og det er jo meininga. Mysteriet, det å gradvis få forklart korleis ting eigentleg heng saman er ein stor del av sjarmen med ein god bokserie. Og så får eg ofte høyra at dei liker personane eg skriv om.

Har du inntrykk av at barn og unge gjerne vil lesa om heltane sine i bok etter bok?

Eg trur det. Iallfall dei som blir hekta på den første. For dei unge lesarane som møter feil bok først, eller synest at fem tjukke bøker er veldig mykje å koma gjennom, er det sjølvsagt annleis, men mange liker å følgja karakterar over lang tid, og sjå korleis det går med dei vidare.

Den lengste serien din til no er på fem bøker. Drøymer du om å skriva seriar med enno fleire bøker?

Nei, lengda i seg sjølv er ikkje eit mål. Det er nok litt derfor eg meiner det er så viktig å ha klart for seg korleis ei historie skal slutta, så ho ikkje blir altfor lang. Men dersom eg får ein idé til ein lengre serie ein gong, trur eg ikkje det kjem til å skremma meg frå å gjennomføra det.

Etterkvart som bøkene i serien kjem ut, og du opplever å få tilbakemeldingar frå lesarar og kritikarar, korleis påverkar det dei neste bøkene? Kan tilbakemeldingar undervegs i serien få deg til å endra kurs?

Kursen endrar eg nok ikkje, men tilbakemeldingar kan få meg til å leggja meir vekt på enkelte element og karakterar enn eg elles ville gjort. Viss eg får høyra at ein bestemt del av ei bok fall meir i smak enn andre, prøver eg jo å ta til meg det, så eg kan skriva ei betre bok neste gong. Men sjølve historia blir ikkje påverka, med mindre det er noko eg faktisk ikkje har bestemt meg for enno. Då kan nok kva lesarane meiner påverka meg litt.

Kva må til for å bli ein god serieforfattar?

Tolmod og oversikt er viktig. Det tar lang tid å skriva ein serie, og etter kvart blir det mange lause trådar å halda styr på. Notat, oversikt over tidslinjer, rollegalleri og relasjonar, og ikkje minst evna til å planleggja langt framover.

Har du eit tips til nokon som drøymer om å skriva ein bokserie?

Tolmod, tolmod, tolmod. Ver klar over at det er eit stort stykke arbeid du gir deg i kast med, og bryt det opp i mindre, meir overkommelege delar. Det kan vera forferdeleg demotiverande når det er langt fram til den endelege mållinja, så det er viktig å ha delmål å jobba mot. Kvar enkelt bok i serien er sjølvsagt ein type mål, men det er lurt å dela det opp meir enn det òg. Og så er det lurt å alliera seg med andre, folk du stoler på som kan lesa gjennom ting du har skrive og hjelpa deg med å få fram historia di. Når ein skal skapa eit bokunivers er det mange ting som skal sitja, og det er lett å sjå seg blind på sitt eige arbeid om ein ikkje har nokon å kasta ball med.

Har du eit tips til ein bokserie skrive av ein annan forfattar enn deg sjølv som serieelskarar bør sjekka ut?

Hmm. Eg les mykje på engelsk, men for dei som taklar det kan eg iallfall nemna Scott Lynch sine bøker om tjuven og svindlaren Locke Lamora. Fjerde bok kjem ut no i haust, og eg gleder meg til å plukka ho opp. Elles er Jordsjøtrilogien til Ursula K. Le Guin eit must for alle som liker fantasy. Utanom Astrid Lindgren sine bøker, er Trollmannen frå Jordsjøden aller første fantasyboka eg blei kjent med, og for meg er ho framleis ei av dei viktigaste bøkene eg har lese.

Eit siste kosespørsmål:
Kva norsk barne- og ungdomsbokforfattar har betydd mest for deg og ditt forfattarskap?

Dette var faktisk eit vanskeleg spørsmål. Etter å ha sett litt tilbake, har eg skjønt at eg nok leste mange omsette bøker som ungdom. Av dei norske eg kan hugsa som gjorde eit inntrykk på meg, trur eg Bibliotekar-serien til Jon Bing kanskje er den som har festa seg mest.

Oversikt over Asbjørn Rydlands serieforfattarskap.