Sunniva Relling Berg har skrive tre romanar for unge, sist ut var Polarnatt (2019).

– Mitt heimekontor er «Der eg finn plass»-kontor. Kvardagen er travel, med barn og jobb, og eg må skrape ut tid til skrivinga.

I periodar har eg verkeleg sakna eit eige rom og synest det er så fint å sjå andre sine skriveplassar. Spesielt har eg sakna eit dedikert kontor når eg har jobba med eit stort prosjekt der eg har måtte drive ein del research og halde oversikt over årstal og kronologi.

Ein periode har vi hatt skrivebord inne på soverommet, og i intensive periodar har eg heldigvis kunna nytte det og breie meg ut med post-it-lappar og notatar på veggen. Men så treng mannen staden til koronaheimekontor, og vi må dele på.

Det ser aldri så ryddig ut som på biletet etter at eg har starta å arbeide.

Når det er vanskeleg å finne motivasjonen til å skrive, når motstanden i stoffet er stor eller husarbeidet har hopa seg opp og stirer tilbake kvar gong eg set meg ned, er det godt å komme seg ut og skrive på kafé.

Spesielt fint er det å ha ein avtale med ein skrivevenn, så eg faktisk må komme meg ut av huset til eit visst tidspunkt.

Under nedstenginga i vår sakna eg sånn å gå ut på kafé for å skrive at eg gjekk live på Instagram saman med ein god skrivevenn.

Fleire sette seg ned og blei med for å skrive, og kommenterte undervegs kva dei jobba med og korleis det gjekk. Det var fint! Sjølv om det sikkert var tidenes mest uinteressante livesending, så hjalp det på motivasjonen.

Det kunne blitt fleire slike sendingar, hadde det ikkje vore for at eg byrja å bli veldig kvalm i desse vekene. Det skulle vise seg å ha ei logisk forklaring: Tre babyar hadde byrja å vekse i magen.

Den store mengda liv i magen har vist seg å gjere arbeidsstillinga meir krevjande, og arbeidsplassen er helst senga eller sofaen, i sideleie (det meste anna er ukomfortabelt).

Øktene må vere korte, før kvalmen blir for overveldande.

Men det har vore ei glede å ha eit prosjekt å arbeide med, for å ha noko anna å tenkje på. Manuset eg skriv på, har eg jobba med i fem år, og no nærmar det seg endeleg! Mykje av det liggande arbeidet har vore småendringar og språkvask, ikkje dei store gjennomskrivingane – heldigvis.

Ein gong i framtida skal det bli lettare å skrive att. Og framleis har eg den draumen eg ber på, om ein dag å få ha mitt eige arbeidsrom.