Av Helga Gunerius Eriksen

Då eg for over fem år sidan starta med å sy bilde til Vi bygger om, var det båtflyktningane på Middelhavet som var i media. No er det krigen i Ukraina som aktualiserer problemstillingane.

Eg sydde ei forteljing om ein katastrofe som rammar to figurar som vil opp i høgda for å sjå verda.

Eg sydde omslag og 14 oppslag som tekstilcollage av gjenbruksmateriale, knappar og lappar, skruar og spikar, ispinnar og plastbitar, skattar eg fann på loftet, rusk og rask eg fann på strender og i grøftekantar.

Eg sydde samanbrot og gjenoppbygging og skreiv ei forteljing på 28 fireliners strofer til høgtlesing, ei til kvar side. Musikar Anette Thorsheim komponerte musikk til boka; DKS-turneane våre tok slutt då pandemien kom.

Omslaget til Vi bygger om (2021), utgitt på Vandrebok forlag (www.vandrebok.no). Alle foto: Helga Gunerius Eriksen

Dette er teksten på femte oppslaget:

veggene ristar og taket rasar
trappene flammar og brenn
kva er det som hender no?
vi snublar og ramlar og renn

kjem krigen i natt?
vi må springe ned fort
finn du meg att?
vi må vekk langt bort

Femte oppslaget i Vi bygger om.

Ein kritikar ville ha det til å handle om tvillingtårna som rasa etter flyåtaka i New York, og visuelt kan nok desse assosiasjonane vere nærliggande, men konsulenten min, Marit O. Kaldhol, tolka det litt vidare:

”Verda slik dei kjenner henne, rasar bokstaveleg talt saman; tårn fell, jorda skjelv, brann og forfall dominerer. Om det er krig, klimakrise eller andre årsaker til hendingane, får vere eit ope spørsmål.”

Dei to i boka vert flyktningar og i neste omgang gjenoppbyggarar – dei ryddar opp:

vi bygger eit lite hus
av ting vi grev fram
vi lempar bort rot og grus
og brukar det vi kan

Til mi eiga forundring viste det seg at det eg sydde fram, likna meir på ein båt enn på eit hus, og eg tok konsekvensen av det også i teksten:

kjem det nye, store smell
så kastar vi loss

Det kjem folk og dyr av alle slag inn i siste oppslaget – det kan minne om forsamlinga i Noas ark (den gongen flykta dei på grunn av ein flaumkatastrofe, eit frampeik om global oppvarming som straff for syndene våre?).

Siste verset i boka lyder slik:

vi ber fram koppar og kar
vi deler på det vi har
flyktar dei også frå hus i brann?
då må vi gjere så godt vi kan!

Siste oppslaget i Vi bygger om.

Når eg no har ei utstilling av originalane og ein samtale om vandrebøkene (det finst ei til – Sus og Dus byter om (2020) – som har tema fattig og rik) med to professorar på Høgskulen på Vestlandet, er det krigen i Ukraina som aktualiserer problemstillingane i boka på brutalt vis. Eg trur at også barn treng denne forteljinga, her framstilt med eit visst håp om at ruinar kan reparerast.