Av A. Audhild Solberg, styremedlem i NBU

5.–7. juni deltok sju barne- og ungdomsbokforfattarar på  den andre skrivesamlinga til NBU. Også i år gjekk turen til Breiva gård i Bø i Telemark.

Tunet på Breiva gård sett frå hovudhuset. Låven er gjort om til kjøkken og vinterhage. Alle foto: NBU

I mai i fjor testa NBU ut eit nytt medlemstilbod: ei skrivesamling der forfattarar kan diskutere manusa til kvarandre, utveksle erfaringar og få tid til å skrive. Fleire medlemmer søkte om plass, av dei ble seks valt ut til å vere prøvekaniner. Les meir om den fyrste samlinga her.

I år var søknadslista lengre, noko vi tar som eit godt teikn. Åtte medlemmer fekk plass, dessverre måtte eitt melde avbod rett før avreise. Nestleiar Sanne Mathiassen og underteikna var med som tilretteleggarar i tekstdiskusjonane. I tillegg var NBUs administrasjonsleiar (og bøhering) Ellen med på turen som kokk og muntrasjonsråd.

I år som i fjor var det sett av mykje tid til konstruktive gruppediskusjonar om dei førehandsinnsendte manusutdraga. Kver deltakar presenterte sitt eige manusutdrag, før hen fekk tilbakemeldingar frå dei andre. Det er interessant og nyttig å høyre korleis andre les og tolkar manuset ditt, men det er minst like lærerikt å gje og høyre tilbakemeldingar på andre sine manus. I gjennomgangen av ein annan forfattars manus kan ein brått oppdage at tilbakemeldinga er like relevant for eins eigen tekst.

Nestleiar Sanne Mathiasssen (med ryggen til) gjev tilbakemelding på ein tekst. F.v. Hilde Hodnefjeld, Frode Eie Larsen, Thor Soltvedt, Eli Hovdenak, Axel Hellstenius, Ingjerd H. Juvik, A. Audhild Solberg og Bjørn F. Rørvik.

Det var sett av tid til eiga skriving, og også i år nytta deltakarane tida godt. Alle hadde kvart sitt safaritelt  i furuskogen rundt Breiva gård (NBUs tre utsende sov i hovudhuset), og her sat folk både før og etter gruppediskusjonane.

Eit av safaritelta på Breiva, med raus utsikt til den telemarkske furuskogen.

Sist, men ikkje minst baud opphaldet på mange fine samtaler over dei gode måltida gjort i stand av Ellen. Fiskesuppe og grillmat, heimelaga brød og ferske reker var berre noko av det deltakarane kunne meske seg med i løpet av dei tre dagane samlinga varte. Til og med vêret var vi heldige med!

Rekebonanza à la Ellen ute på tunet. F.v. Hilde Hodnefjeld, Thor Soltvedt, Frode Eie Larsen, Sanne Mathiassen, Bjørn F. Rørvik, A. Audhild Solberg, Eli Hovdenak, Axel Hellstenius og Ingjerd H. Juvik.

Det blir arrangert skrivesamling på Breiva gård i 2024 også; høgst sannsynleg blir den lagt til tre vekedagar tidleg i juni. Utlysing med meir informasjon blir lagt ut på nettsida og sendt på e-post til medlemmene i januar 2024.