bentebokI denne intervjuserien ser vi nærmere på selve skriveprosessen, håndverket, arbeidet. Vi spør drevne, dyktige forfattere hvordan de tenker omkring dette, og forsøker også å lirke ut av dem et skrivetips eller fem. Denne uka: Bente Bratlund.

Av Elen Betanzo

Hvordan ser en god arbeidsdag ut for deg?

 Eg er ein saktevaknar. Alle morgonar kjem altfor tidleg for meg. Eg er som ein gammal diselmotor, det går sakte å fyra meg opp, men når eg først er komen i gang, så er eg ikkje til å stogga. Arbeidsdagen startar sjeldan før ti. Då har eg fått opp begge augo og har fått i meg te og grovbrødskive med brunost. Då er eg klar. Og på ein god arbeidsdag skriv eg gjerne til midnatt, men med gode pausar, som ein kafetur der eg får meg kaffelatte og frisk luft på vegen. Ein god arbeidsdag er for meg lykke.

Har du noen faste arbeidsrutiner?

Eg jobbar kvar dag. Kafepausen min er temmeleg fast rutine, etter den turen har eg energi til vidare arbeid. Og har fått impulsar og gleder.

Hvordan ser det ut på arbeidsplassen din?

Skrivepulten min er enten full av lause ark med notatar eller nyrydda. Ofte nyrydda fordi eg er fæl til å rota så det stadig hopar seg opp.

Hva er du helt nødt til å ha rundt deg når du skriver, og hva kan du ikke ha rundt deg?

Eg treng ikkje noko spesielt rundt meg når eg skriv, men eg må ha nær tilgang til tekoppen min. Aller helst den med Mikke Mus-bilde på.

Hva gjør du når du står fast?

Står eg fast i skrivinga så går eg tur. Utruleg kva som kan dukka opp på ein spasertur. Eller eg set meg på verandaen min og ser utover vatnet, ser på fuglane som har reir rett over meg og flyg fram og tilbake utrøyttelege. Eller eg set på musikk og dansar for meg sjølv på golvet. Nyttar ikkje det, så går eg på besøk til ein nabo. Så får eg kaffi og ein prat, og det hjelper godt det også. Om ikkje ideane strøymer på så blir eg minna på at livet er meir.

Har måten du jobber på endret seg underveis i forfatterskapet ditt?

Eg er no i ein fase i livet der tida er mi, eg har ingen rundt meg som krev meg, og det gjer jo at også skrivinga mi blir annleis. Eg kan skriva når eg vil, så lenge eg vil, så ofte eg vil, og så mykje eg vil. Det er noko eg tar vare på og brukar. Så eg skriv no meir enn nokon gong. Eg treng ikkje no «stela» meg tid frå andre ting eg burde, og kan konsentrera meg meir i arbeidet over tid.

Hva er ditt aller beste skrivetips?

Skrivetips trur eg ikkje er nokon vits i. Vi skriv alle det vi må og slik vi må. Vi er ulike som menneske og i ulike fasar i livet vi som skriv, og det gjeld å vera tru mot den er er og der ein er.

 

Tidlegare:

Jobbintervju: Hans Petter Laberg

Jobbintervju: Eldrid Johansen:

Jobbintervju: Alf Kjetil Walgermo

Jobbintervju: Mari Moen Holsve

Jobbintervju: Pål Gerhard Olsen

Jobbintervju: Mari Kjetun

Jobbintervju: Atle Hansen

Jobbintervju: Kari Bøge

Jobbintervju: Lars Mæhle